Bakgrunn

For nærare to år sidan sat seks ungdommar seg ned og ville gjere det som ingen ungdommar i Setesdal – så vidt vi veit – har gjort før oss; vi ville lage ein musikkfestival!

Draumen var ungdom og unge vaksne, saman om sommarglede og song. Etter å ha stått på i snart to år, er vi no stolte av å kunne presentere Setr Festivalen på Prestneset midt i vakraste Bygland. Den 21. juli 2018 brakar det laus.

 

Om Setr

Setr er ein todelt festival. På dagtid vil det gå føre seg underhaldning og aktivitetar for heile familien. To lokale unggutar; Vetle Tveiten Hoslemo frå Bykle og Eivind Tanche-Larsen Knutsen frå Valle, underheld med tradisjonell folkemusikk. Aktivitetane på området vil mellom anna vere boblefotball, vatntrampoline og mykje meir. På dagtid er alle velkomne inn på området, og inngang er gratis.

På kveldstid går det store konsertar av stabelen på museumstomta ved Byglands-stranda. Årets headliner er sjølvaste Katastrofe, som har ei rekke kjente sommarhits i repertoaret. Aldersgrensa på kveldstid er 14 år. Skjenking skjer på avgrensa område med aldersgrense 18 år. Billettar til kveldsarrangementet får du her. Billettar kan òg kjøpast i inngangen så lenge det er kapasitet, men vil då koste kr. 600,- (noko dyrare enn på nett). 

 

Program

Dagtid: gratis
12:00: Dørene opnar
13:00: Vetle Hoslemo
15:00 Eivind Tanche
Under heile dagtidsarrangementet blir det mogligheit til å delta på ei rekke aktivitetar.

Kveldstid: billett
18:00: Dørene opnar
18:30: Monteur
19:30: Pasha
20:30: Hogland (se)
21:30: Ruben
22:30: Kvein Boine
23:30: Katastrofe

Vi vonar at du tek turen til Setr 21. juli! Saman skal vi skape ein kveld både bygde- og by-Noreg seint vil gløyme.

Vil du lese meir om oss? Sjå Setr i media:

OpplevEvje: https://opplevevje.no/setr-festivalen-pa-bygland-lordag/ 

6 Gutter lager festival i Setesdal (NRK): https://www.nrk.no/sorlandet/lager-ny-festival-1.13965244

Visit Norway: https://www.visitnorway.no/reisemal/sorlandet/setesdal/event-setesdal/setr-festivalen-2018/143567/

SGOS: http://www.sgos.no/setrfestivalen/setr-ein-liten-introduksjon

 

Kontakt

Vil du være med å hjelpe til på eit vis, som privatperson eller bedrift, eller lurer du berre på noko? Kontakt oss på Facebook, eller på mail: info@setr.no